PROSJEKTER

Prosjekter

Prosjekt:

Stord Rotaryklubb har arbeidd med og støtta følgjande prosjekt økonomisk:

Hauglandskvedno


Hauglandskvedno står under Stokklifossen og er omlag 300 år gamal. Hauglandskvedno er den einaste kvedno på Stord som står på sin opphavelege stad.

Den vart brukt under siste verdskrigen 1940 - 45. Soga fortel at inga kvern mol betre mjøl til bakst enn Hauglandskvedno.
Kvedno var til nedfalls, men i godt samarbeid med eigaren Johannes T. Haugland og museumstyrar Meyer Eldøy, tok Stord Rotaryklubb på seg å reisa oppatt dette kulturminnet.
I juni 1974 kunne kvedno takast i bruk att. Stord Rotaryklubb sine medlemer hadde då lagt ned 700 dugnadstimar på vølingsarbeidet.
Ei stor takk til Ivar J. Helleland, Fritjolf Fossum og Meyer Eldøy for mange dugnadstimar og fram frå fint vølingsarbeid.
Stord Rotaryklubb sette i 1993 opp ein del kvilebenkar m.m. for å gjera det triveleg rundt kvedno.
Set deg på ein benk og høyr på fosseduren og "kvernkallen" sine tonar - drøym deg bort.
Sunnhordland Museum og Stord Rotaryklubb er i lag om ettersyn og vedlikehald av kvedno.

Dugnadsgjeng har ei kaffiøkt frå bygging av Gapahuken


Ferdig Gapahuk bygd i 2018, i bakgrunnen ser vi Hauglandskvedno som vi har vedlikehaldsansvar for.

Shelter Box

Klubben har kjøpt 2 Shelter Boxar

 Indiaprosjektet   (avslutta)                                                         Støtte                   7.000 pr.år

10000 Happy Birthdays                                                                                        40.000

Gåver til ulike prosjekt:

Stord og Fitjar Demensforening – støtte til ulike tiltak                                         20.000

Frelsesarmèen desember 2019                                                                                    13.390

MARIS - Stord Kommune velferdstiltak                                                                    10.000

TV aksjonen 2019                                                                                                            10.000


Landåsenprosjektet – skilting om plantar, trær og biotopar i eit frilufts-
område nær Leirvik sentrum. 

          

Prosjektet fekk støtte frå Hordaland fylkeskommune på kr.27.000 til dekking av innkjøp av skilt, transport med mer. 

Totalt var prosjektet  budsjettert med kr. 90.000. Differansen mellom tilskot og
totale utgifter gjeld dugnadsarbeid ved ei gruppe av medlemmene.                63.000

Tilskot til Rotary International                                                                        10.000

Mentorprosjektet: (avslutta)

Det er starta opp eit samarbeid med Stord Næringsråd, Stord NAV, Fagopplæringskontoret på Stord og OT/PPT om eit prosjekt som har fått arbeidstittelen ”Din ungdom”. Samarbeidspartane har gjennomført ein ekskursjon til Nordhordland som har starta opp eit slikt prosjekt der m.a. pensjonerte Rotaryfolk er mentorar for ungdomar som treng støtte på veien til lærlingeplass.

Stord Rotaryklubb har vedtatt å oppretta ei eiga mentorgruppe for arbeidsåret 2015/16 med tanke på å delta i gjennomføringa av eit tilsvarande prosjekt i  Sunnhordland.

Utdanningsmessa for Sunnhordland er flaggskipet i Stord Rotaryklubb si verksemd. I år vart messa arrangert for 30.gong. Som i tidlegare år gav inntektene frå messa grunnlaget for det omfattande prosjektarbeidet som er orientert om ovanfor. Storparten av medlemmene er engasjert i planlegging, gjennomføring og etterarbeid.
Messa vert kvart år besøkt av ca 3.500, av desse ca 2.400 elevar frå 9. og 10. klasse i ungdomsskular og vidaregåande skular


Stord Rotaryklubb sin stand

Messa vart opna av Fylkesdir. for opplæring i Vestland Fylkeskommune Bjørn Lyngedal


Godt med folk


Stipendvinnar Johannes Grov


Prosjektleiar Robert Halleraker vart overrekt Paul Harris Fellowship etter 9 år som prosjektleiar for Utdanningsmessa

Utviklingsstudentar

Stord Rotaryklubb har dette året sendt ein ungdom til Florida som utvekslingsstudent. Den heldige var Svein Eldøy Sandvold. På Stord tok klubben i mot John Finnerty frå Florida. Han har gått på Stord vidaregåande skule og også deltatt i Stord vaksenopplæring si norskopplæring for utlendingar. Begge har uttrykt glede for og nytte av utvekslingsordninga. 

Særleg arrangement

Møta i klubben har vore kjenneteikna av variasjon i tema og spennande og engasjerande innleiarar. Det har medverka til auka deltaking på møta.

I tillegg har klubben arrangert nokre møte med særleg spennande og aktuelt innehald og med gode formidlarar. Til desse møta har me invitert andre enn berre medlemmer.

Frank Årebrot trollbandt oss med temaet Russland og Ukraina i eit europeisk perspektiv. Einar Steensnæs tok opp temaet ”Demokrati under press” med utgangspunkt i sitt arbeid i Oslosentert for fred som Kjell Magne Bondevik leier. Det var ettertenksomme medlemmer som gjekk heim den kvelden.

Eit medlemsmøte vart lagt til Espeland fangeleir i Bergen. Denne leiren er nesten identisk i dag med korleis den var i krigsåra. Me fekk ei inspirande og tankevekkande innføring i det som skjedde der.

Sommarturen vart ei nostalgisk reise med DS Stord I i Sunnhordlandsbassenget. Det er mange frå Sunnhordland som kjenner båten frå han var i ordinær rutefart og mange som har vore med og bygd opp båten som veteranskip to gonger.

Presidentskiftet vart lagt til Skakkesenteret i Etne, avtroppande president si heimbygd.



Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Grand Hotell Stord
Adresse: Osen 5
Postnummer: 5411
Sted: Stord
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:15:00
Møtespråk: no

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

District - Rotary RSS