Prosjekt

Distriktene: | 2250 | 2260 | 2270 | 2280 | 2290 | 2300 | 2310 |
Hovudside Komite Styret Mål Lenker Program Prosjekt Månadsbrev

Pågåande prosjekt:

Utdanningsmessa: Utdanningsmessa for Sunnhordland går av stabelen på Vikahaugane Stord Sprotsenter på Leirvik kvart år omkring 20. - 21. januar.
På messene er det alt frå 55 - 65 utstillarar. Det kjem elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular frå 7 kommuner i Sunnhordland. Besøkstala ligg på omlag 2.500 elevar, 300 lærarar og omlag 1.000 andre interesserte.
Utdanningstipendet på kr. 25.000,- vert utdelt kvart år.

For å lesa meir om Utdanningsmessa, bruk lenka ovafor eller gå inn på
utdanningsmessa.no.

India - prosjektet. (nytt prosjekt)

I juni i fjor arbeida eit medlem av Stord Rotaryklubb som tannlækjar blant fattige på skular og landsbyer i det sørlige India. I løpet av denne månaden kom han i kontakt med lokale rotarianere som ville starta ein skule på basis av yrkesretta  dataopplæring.
Elevane er svært fattige unge indiske jenter. Tradisjoner og samfunnsmessige forhold gjer at jenter med svært fattige foreldre ikkje har muligheter til å koma seg ut av fattigdommen.
Ei jente som ikkje er gift, må klara seg på eiga hand og er nærast "fritt vilt".  Men for å bli gift krev brudgommen medgift.  Jenter utan foreldre, alkoholiserte fedre eller fattige foreldre, har ikkje mulighet til å skaffa denne medgiften. Ein totalt håplaus situasjon.  Unge fattige jenter i India er blant dei som har det vanskelegast.  Men kan jenta få ein betalt jobb etter ungdomskulen, har ho mulighet til å spara pengar til medgift, og dermed mulighet til å gifta seg med ein som kanskje har ein fast jobb.  
Difor får jentene grunnleggjande datakunnskap, og etter endt kurs behersker dei det regnskapsprogrammet som er mest brukt av små og mellomstore bedrifter i India.
Dei har no ein liten sjanse i den knallharde konkurransen om ein jobb.
Han som administrerer tannlegeprogrammet, har god kontakt med skule og lærarar og landsbyar. Han vel ut jenter som er skuleflinke og motiverte. Kurset varer 4 månader og undervisninga skjer i eigne lokaler etter skuletid.
5 jenter går samstundes på kvart kurs, som er svært intensivt. Stord Rotaryklubb har forplikta seg til å betala lønna til læraren på denne skulen.
På denne måten gjev Stord Rotaryklubb kvart år 15 unge jenter ein mulighet til å betra si eiga framtid. I tillegg vil også søsken og resten av familien til jentene få det betre når ho tener pengar. Ringvirkningene er store.

Hauglandskvedno: Klubben har restaurert ei gamal kvern i fjellet på Stord. Denne har klubben ansvaret for å halda vedlike. Sjå bilde og les omtale.

Latviaprosjektet: Stord Rotary klubb har sidan 1997 vore engasjert i eit utdanningsprosjekt for ungdom i Latvia. Målet er å hjelpa latvisk ungdom til å få høgare utdanning.

Opptakten til prosjektet var eit Rotaryseminar i Bergen arrangert av distriktet. PDG Karsten Leth frå Rotary Danmark gjorde greie for sitt engasjement i Litauen som bl.a. går ut på å gi direkte støtte til ungdom som vil ta høgare utdanning, men som sjølv ikkje kan finansiera det.

Offentleg studiefinansiering finst ikkje i dei baltiske statane. Ca. halvparten av universitetsstudentane i Latvia får gratis undervisning, men ingenting til opphald og reise. Den andre halvparten må òg betala for undervisninga. Skal ungdom få seg utdanning på høgskule-/universitetsnivå, må foreldra hjelpa til eller studentane må skaffa seg jobb på si i den grad det går. I eit land med låge inntekter og relativt stor arbeidsløyse er ingen av delane lett å få til.

Føresetnaden for å kunne yta støtte, er at ein har lokale kontaktar som kan følgje opp at støtta vert brukt slik den er tenkt.

Stord vidaregåande skule har samarbeid, spesielt med tanke på demokratibygging, med Viljaka statsgymnas i ein liten by aust i Latvia på grensa til Russland. I dette distriktet, Balvu-regionen, er det stor arbeidsløyse. Folk lever for det meste av jordbruk, men mangel på kapital gjer at det meste av utstyret er nedslitt og produksjonen går stort sett til eige forbruk. Elevarfrå dette området har små sjansar til økonomisk å klara eit vanleg universitetsstudium. Den vidaregåande skule i Viljaka, som byen heiter, er kvalifisert som ?statsgymnas? som eigentleg er eit kvalitetsstempel for utvalde skular.

Studentane som Stord Rotary klubb støtter, har skulen plukka ut. Den første, Gunita Logina, har fullført økonomistudier ved universitetet i Rezekne. Anda Keisa tar pedagogisk utdanning med vekt på biologi ved universitetet i Daugavpils. Neste år har ho vore dyktig nok til å få plass ved universitetet i Riga. Den tredje studenten, Diana Golovina, tok hausten 2002 fatt på språkstudier ved universitetet i Daugavpils.

Klubben betaler 50 USdollar pr. månad for kvar student. I tillegg kjem kostnadene med å overføra pengane.

Stord Rotaryklubb støttar studenten økonomisk slik at han/ho kan byrja på Universitetet, og vi følgjer slik at studenten kan ta til på ien Bachelorgrad.

Fordelen med denne typen utdanningsstøtte er at det er relativt små kostnader, klubben kan sjølv styra omfanget og pengane rekk langt.

Ser ein på dette prosjektet i ein større samanheng, kan dette vera eit viktig bidrag i utviklinga av demokrati. Prosjektet kan bidra til at ungdom med ulik sosial og økonomisk bakgrunn får høve til å ta utdanning på lik linje med andre ungdommar. Då er det først og fremst interesser, læring og evne til å utvikla seg som tel.

Stord Rotary klubb håper at dette kan vera eitt av mange tiltak som kan bidra til å realisera dei mål Rotary står for.

Utvekslingstudentar: Klubben prøver å ta mot ein utvekslingstudent kvart anna år og senda ein ut kvart anna år. Dette året skal vi ta mot ein student frå Mexico, vi sender ei jente til Mexico - Kristine Aaland. Vi vil skriva meir om studenten som kjem. Denne sommaren var også klubben vertsklubb for Round Trip.

Polio Pluss

Gjennomførte prosjekt. Klubben har teke mot ein ingeniør frå Russland der vi finansierte eit opphald på 1 år. I denne tida var han hospitant ved Leirvik Sveis AS og Aker Stord AS. Klubben har framleis kontakt med han.

I periodar har vi også mindre prosjekt i lokalsamfunnet.