Månadsbrev

Distriktene: | 2250 | 2260 | 2270 | 2280 | 2290 | 2300 | 2310 |
Hovudside Komite Styret Mål Lenker Program Prosjekt Månadsbrev Historikk

 

Månadsbrev frå Stord Rotaryklubb for september 2009

Rotarymøte onsdag 2. september 2009
Møtet vart leia av sekretær Arne Oftedal. Det vart informert om Distrikskonferansen i Stavanger 16.-18. oktober. 3 minuttar gjekk ut.

Tema: Rotarys mange engasjement v/Carl Levin
Carl Levin informerte om Rotary International, Rotary Foundation , Rotarys historie og Rotarys motto, Rotarys formål og 4-spørsmålsprøven. Rotary har i dag 1,23 mill. medlemer i 200 land.

RI/RF har som ein av sine viktigaste oppgåver å fremja internasjonal forståing og stå for lokale og globale utviklingsprosjekt. Carl Levin peika på nokre av dei viktigaste av desse prosjekta:

Utdanningsprogram, hjelpeprosjekt, matching grant, Polio pluss, studentutveksling m.m. Han avslutta foredraget med å sei: Verda treng Rotary. Me er heldige og priviligerte som er medlemer av Rotary.

Rotarymøte onsdag 9. september 2009
Møtet vart leia av presidenten og vart halde i Museumshallen.  Gamlebyen Rotaryklubb har gjeve ut eit humørleksikon. Svein Kristen Bunes takka for blomehelsing til 60 årsdag.

3 minuttar
Odd Winge snakka om dei små gleder som ein kan oppleva i fjellheimen, m.a. på fjelltoppen Grånosi i Luster kommune. Her kan ein vera heilt for seg sjølv med ein framifrå utsikt over fjord og fjell. Samstundes filosoferte han over at ein med mobiltelefonen kunne få nærkontakt med omverda, og om utviklinga til mobiltelefonen.

Tema: Sunnhordland Museum v/Tore Lande Moe
Tore Lande Moe fortalde frå historia til Sunnhordland Museum, grunnleggarane Kristoffer Sydnes og rektor Eskeland, plassering av museet og utviklinga av museet. Museet skulle dokumentera bondesamfunnet, samla inn gjenstandar frå kyststripa frå Rogaland til Nordhordland, driva forskning og visa fram samlingane. Friluftsmuseumstanken vart etter kvart ein viktig del av museets grunnlag. Gamle

bygningar vart reist i Vidstenparken: røykstova, futastova, butikk og skule. 10 hus i alt. I tillegg har museet ansvar for fleire bygdetun i Sunnhordland, klosteret på Halsnøy, maritimt museum, grua på Litlabø. Museet får sine driftsmidlar frå staten, fylket, kommunar, gåver og eigne inntekter. Det er i dag 8 stillinga på museet. Tore Lande Moe arbeider som konservator. Han avslutta med å fortelja om ein konservator sitt arbeid.

Rotarymøte onsdag 16. september 2009
Møtet vart leia av presidenten. Blomehelsingar til Pradip Sankholkar, 60 år og Geir Mikkelson, 50 år.

3 minuttar
Jostein Økland fortalte frå dyrskueutstillinga på Seljord andre veka i september. 6-7000 menneske var innom portane desse tre dagane. Dyrskueutstillinga har lange tradisjonar, 1860 - talet. Aktivitetane er mange: dyrskue, countryfestival, salsboder, gardamat, landbruksmakinar.

Tema: Med revkrok skal landet vinnast v/Bjørn Arve Lunde
Bjørn Arve Lunde tala om grunnlegginga av ”Vestenfjeldske revkroklag av 1803”; den organiserte galskapen. Med mykje humor og latter fortalte han om revkroklaget sine aktivitetar på kafeen Meieriet, meisterskap og reiser m.a. til London (ligging på Trafalgar Square 1991) og OL på Lillehammer 1994.

Etter Bjørn Arve si meining er revkroken ein kulturarv som det er viktig å ta vare på. Å driva med revkrok er enklare karstykke. Heiderslemer i revkroklaget: Kjell Storelid, Erik ”the Viking” Thorstvedt. Apell:

Gjer det fullt og heilt, ikkje stykkevis og delt.

Rotarymøte onsdag 23. september 2009
Møtet vart leia av presidenten. Helge Lindeflaten orienterte om arbeidet med Utdanningsmessa 21.-22.

Januar 2010. Atle Netland, BKK, opnar messa. Brev til utstillarar er no sendt ut.

3 minuttar
Jonas Meyer Eldøy fortalde om helsingar han har fått frå fire utvekslingsstudentar: Lusama Martinez frå Mexico, Arturo frå Mexico, Mariane Elena frå Brasil og Erica frå New Mexico. Det har gått bra med dei alle, dei har teke god utdanning og dei har gode jobbar. Alle skriver at dei hadde ei fin tid på Stord.

Tema: Inn på Stortinget v/Magne Rommetveit
Magne Rommetveit har vore med på mange valkampar, men dette er den fyrste som har med stortingsvalet å gjera. Magne fortalde om valkampen, om kva han vil arbeida for på Stortinget. Opninga av det nye Stortinget skjer 9. oktober. Førebuande arbeid startar veke 40. Regjeringsforhandlingane er no i gong. Det vart vald 15 representantar frå Hordaland, 12 frå Bergen, 3 frå distriktet. Som stortingsrepresentant vil Magne arbeida for Sunnhordland, men må og tenka regionalt og nasjonalt. Usikkert kva stortingskomite han kjem i. Dei 5 AP-representantane frå Hordaland er bedne om å prioretera ulike komitear. Det er viktig å bygga alliansar, halda god kontakt med bedrifter og organisajonar Sunnhordland/Hordaland.

Rotarymøte onsdag 30. september 2009
Presidenten opna møtet. Matrikkelen er under trykking og er snart klar for utlevering.

Rotarynåler og past presidentnåler er bestilt. Helge Lindeflaten refererte frå rapporten om Utdannings-

messa 2009. Det tok ein god del tid å få rekneskapen på plass. Margrethe Mjønes på Vikahaugane sportsenter har vore sekretær. Talet på deltakande bedrifter har sunke noke. 63 utstillarar deltok.

Ungdomsbedrifter deltok for 2. året på rad. 14 elevbedrifter var med. Beste stand på messa hadde Stord vidaregåande skule. Bremnes ungdomsskule var best i elevbesvarelsar. Overskot kr. 126.000,-.

3 minuttar
Olav Andreassen fortalde om knivklubben og knivmaking. Møtet skulle vera eit pratemøte, men Olav leda oss gjennom teknikkar og materialer som vert nytta i skjefte og slirer. Han hadde med seg mange flotte døme på ferdige knivar som vart presenterte og sende rundt. 3 minuttar vart eit spannade og fengande forerag om knivmaking.